Årsmøte Nærbø samfunnshus

Alfred Vaagsvold: AJAX

Rogalands sin store humorist, Ajax, fekk kongens fortenestemedalje for å løfta Stavangerdialekten med kostelege fortellingar der barn er hovudpersonar.

I ein mannsalder skreiv han i Stavanger Aftenblad og fekk lesarne til å le. Like under den morosame overflata der han tok miljøet på kornet, låg eit djupt alvor. Kva sa han eigentleg?

Med utgangspunkt i "Slage' på Parra" ser vi på skjemt og alvor i Ajax sine fortellingar,sett på utanfrå av Alfred Vaagsvold, lærar og kunstnar frå Lista. Liv Reiestad les tekstane på stavangerdialekt.

 

Detaljer

Dato torsdag 12. februar 2026
Klokkeslett 13:0015:00
Kalender Åpen kalender