VEDTEKTER FOR HÅ SENIOUNIVERSITET

§ 1 FØREMÅL

Hå senioruniversitet er ein sjølvstendig, ideell organisasjon for dei i mogen alder som har lyst til å læra meir. Ved foredrag, kurs og studiearbeid vert utvalde emne teke opp utan sikte på å gje formell kompetanse.

§ 2 MEDLEMSKAP

Medlemskap i Hå senioruniversitet er ope for alle og gjeld når medlemspengar er betalt.

§ 3 STYRET

Styret har leiar og 4 styremedlemmer med to varamedlemmer.

Leiar og varamedlemmmer vert valde for eitt år om gongen. Styremedlemmene vert valde for to år, slik at halvparten vert valde kvart år. (Fyrste året vert to styremedlemmer valde for eitt år).

Styret vel nestleiar, kasserar og sekretær seg i mellom. Styret kan nemna opp arbeidsgrupper. Styret kan ta avgjerder når minst 3 styremedlemmer er til stades. Leiaren har dobbelrøyst ved likt røystetal.

Ingen kan ha same tillitsverv i meir enn 6 år.

Styret bør ha medlemmer frå ulike deler av bygdene og ei rimeleg kjønnsfordeling.

Hå senioruniversitet vert forplikta av leiaren si undersskrift eller den styret gjev fullmakt. Det skal førast møtebok for kvart styremøte.

§ 4 ÅRSMØTET

Årsmøtet er det øvste organet. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar, fyrste gong i feb. 2011. Innkalling til årsmøtet skal sendast skriftleg til medlemmene, gjerast kjent på medlemsmøte og i lokalavisa minst 2 veker i førevegen. Dagsorden og sakspapir skal samstundes gjerast tilgjengelege for medlemmene.

Årsmøtet skal innehalda:

Årsmelding
Revidert rekneskap
Val av leiar, 2 styremedlemmer og 2 varamedlemmer
Val av 1 person i valnemnda for 3 år. (Fyrste gong 1 for 3 år, 1 for 2 år og 1 for 1 år.) Ingen kan attveljast.
Val av revisor for 2 år (Fyrste gong for 1 år).
Fastsetjing av medlemspengar
Handsaming av innkomne forslag

Ved personval skal det vera skriftleg røysting om nokon krev det. ved likt røystetal skal valet avgjerast ved loddtrekking. Medlemmer som vil leggja fram saker  for årsmøtet eller har framlegg til vedtektsendringar,  må senda desse til styret minst ei veke før årsmøtet.

§ 5 VEDTEKTSENDRINGAR

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene når minst 20 % av medlemmene er til stades.

§ 6 OPPLØYSING

Hå senioruniversitet kan oppløysast med 2/3 fleirtal av medlemmene på årsmøtet. Dersom mindre enn halvparten av medlemmene møter fram, skal det innkallast til ekstraordinert årsmøte. Avgjerda skjer då ved 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Eventuelle midlar og eignelutar skal overførast til eit organ som arbeider for å fremja seniorarbeidet i Hå. Desse vedtektene er vedtekne på skipingsmøtet 26.okt. 2009. Ei lita endring i § 3 og 4 vart vedteken på årsmøtet 6.feb. 2013. (Talet på varamedlemmer vart redusert frå 3 til 2).